Bryllupsfortelling – Edinburgh
Ingri er ikkje som andre bruder
Bryllaupsdagen starta med startnummer på brystet og 10km i Edinburgh sine gater (Edingburgh marathon fetival) . Det vart tidleg morgon for fotografen, klar på sidelinja for å fange ei heilt spesiell opning på dagen.
Det var eit folkehav langs løypa, halvmaraton er stort i Edinburgh, og stemninga var full av energi frå første steg.
Eg heia frå sidelinja med kameraet i handa. Deltakinga overlet eg til brura.
Frå løpesko til brudekjole
Brud
Brudgomen
Vigsel i hjartet av Edinburgh
Vigselen fann stad i den nydelege Greyfriars Kirk, omgitt av det historiske Greyfriars Kirkyard midt i gamlebyen i Edinburgh. Kyrkja har røter tilbake til 1600-talet og er kjend for si sterke historie, steinarkitektur og den heilt spesielle stemninga som ligg i området. Like ved finn ein også forteljinga om Greyfriars Bobby, ein del av byens kollektive minne.
Alle detaljar var nøye gjennomgått og øvd på dagen i forvegen, noko som gjorde sjølve vigselen både trygg og avslappa. Det gav rom for å vere til stades i augneblikka, og for fotografen var dette ein draumesituasjon å jobbe i. Nokre av bileta som kjem seinare i historia er frå dagen før bryllaupet, då vi gjekk gjennom planen saman og tok oss tid til å bli kjende med omgjevnadene.
Frå kyrkja til hotellet
Vegen frå kyrkja til Hotel Indigo Edinburgh vart ei lita reise i seg sjølv. Vi hadde planlagt på førehand kvar vi ville stoppe undervegs, men i ein by som Edinburgh byr kvar gate på nye motiv.
Det var ikkje behov for å køyre til ein eigen fotolokasjon. Byen vart ramma rundt dagen, og bileta fekk vekse fram naturleg på veg frå stad til stad. Det gjorde opplevinga avslappa, ekte og svært stemningsfull.
Her kjem nokre bilete frå vandringa gjennom byen, på veg mot hotellet.
Minner for livet
Feiring på Hotel Indigo
Når dagen blir til historie
En dag for meg selv i Edinburgh
Eg fikk en dag for meg selv, og utnyttet den til det fulle. 27 000 skritt ble tilbakelagt med kamera på slep, mens jeg fanget byen, dens atmosfære og små detaljer som gjør Edinburgh helt unik.
Dagen avsluttet med en fantastisk solnedgang ved Dugald Stewart Monument, et perfekt øyeblikk å runde av med.